onsdag 7. september 2011

Kyllingfilet med gooood pasta!

Dette er ein av mine absolutte favorittar! Alt som er godt er i denne retten.

Til ein person:
1 kyllingfilet
1/2 dl matfløyte
1/2 egg
1 1/2 ss hakka soltørka tomatar
1/4 pakke ruccula
1 1/2 ss reven parmesan
Den mengd pasta som er anvist på pakken

Ha salt og pepper på kyllingen og steik han på ei panne.

Kok pasta. Når den er ferdigkokt helle du av vatnet og blandar i fløyte blanda med egg. Det kan vær lurt å gjer mens pastaen framleis er ganske varm. Ha så i ruccula og soltørka tomatar. Parmesanen kan du strø over til slutt eller blande han i pastaen saman med det andre.



Kombinasjonne av ruccula, soltørka tomat og parmesan gjer ein heilt fantastisk smak!! Dette må prøvas :)

(oppskrifta er henta frå matprat.no)

3 kommentarer:

  1. dette såg digg ud! glede meg te å prøva :)

    SvarSlett
  2. forresten; ka måleenhet e der på parmesanen? Halvannen reven parmesan sa meg ikkje så mye...

    SvarSlett
  3. Nam! Dette e veldig godt! Johanne, kjøb bare ein liten pakke me ferdig reve ost, så tar du d du føle for akkurat der å då :)

    SvarSlett