onsdag 7. september 2011

Ytrefilet med bakte poteter, blokkoli og soppstuing

Dette er utruleg godt! Eg har likevel vore litt usikker på om eg skulle dele oppskrifta fordi eg etter å ha åte det fekk veldig vondt i magen :( Det viste seg at eg ikkje tåler chanpingnon! Difor er eg inne i ein aldri så liten sorgprosess... Men det treng ikkje bety at de ikkje skal få gleda av denne herlege retten :)

Det er meir eit tips enn ei oppskrift. Steik berre bifen til ønska kvalitet (korleis kan du lese her). Kok brokkolien i 2-3 min.

Potetene kan du dele opp i båtar, ha på olje, rosemarin og salt. Steik dei i omnen på 200 grader i ca. 20 min til dei blir gyldne.



Soppstuingen lagar du ved å steike løk, champingnon og eit pressa kvitlauksfed i panna. Når det er ferdig steigt hell du på nok matfløte til at det ikkje lenger ser tørrt ut. La det småkoke til fløten blir ein tjukk saus.






Slik vart resultatet:

2 kommentarer:

  1. oh no, stakkars deg.. min medfølelse i sorgen :(

    SvarSlett
  2. Takk!

    Eg he en champingnon liggane i kjøleskapet... Første mann til mølla!

    SvarSlett