tirsdag 30. august 2011

Tortillapizza!

Her er neste oppskrif! Den er kjempegod. Og husk kva George Bernard Shaw sa:

"Det er ingen mer oppriktig kjærlighet, enn kjærligeten til mat"


(4 porsjoner)

4 tortillalefser
1 boks hakka tomatar
300 g kjøttdeig
140 g bacon i strimlar
1 pose taco kryddermiks
1 løk
2 paprikar
Reven parmesan

Det første du må gjera er hå ha dei hakka tomatane i ei sil over ei bolle. Sausen skal brukas seinare! Brun kjøttdeig og bacon i ei steikepanne slik:



Ha så i tacokrydderet og sausen frå tomatane slik:


Så legg du dei hakka tomatane på tortillalefsene:


Hakk opp paprika og løk:


Legg grønsakene på tortillalefsa:


Så legg du på kjøttdeigen og riv til slutt litt parmesan over. Dette skal steikas i omnen på 225grader i ca. 5 min, men pass på! Plutseleg er det brent:


Det vart ekstra godt med rømme på;)

søndag 28. august 2011

Salaten med stor S!

Velkommen til Annekrifkassé!! Her kan du inspirera og verta inspirert til mange gode måltid. Og hugs det som står skrive:

Det beste eit menneske kan gjera,
er å eta og drikka
og unna seg gode dagar 
midt i alt sitt strev.  Men eg fekk sjå at det òg  kjem frå Guds hand. 
For kven kan utan Han eta og vera glad?
(Fork. 2, 24)


Her er oppskrifta som inspirerte til denne bloggen:

1 brokkoli
1 blomkål
1 grilla kylling
2 avokado

1 raudlauk
ca. 700 g pasta
1 boks rømme
1 pakke tzaziki-dipp

Kutt grønsakene og kyllingen opp i betar. Ha dei i ein bolle saman med ferdig kokt pasta. Bland tzatziki-dippen saman med rømmen og tilsett den i salaten. Dette er nok til at 5 jenter kan eta seg frå sans og samling. Så enkelt er det!


Dette er liksom "grunn"-oppskrifta. Du kan sjølvsagt tilsette det du sjølv likar! På fredag hadde me óg i mais, bacon og sukkererter. Og no kom eg nett på at det heilt sikkert er godt med soltørka tomatar i :D Kvitlauksbrød er eit sløvsagt tilbehør til salat.

Enjoy!