søndag 28. august 2011

Salaten med stor S!

Velkommen til Annekrifkassé!! Her kan du inspirera og verta inspirert til mange gode måltid. Og hugs det som står skrive:

Det beste eit menneske kan gjera,
er å eta og drikka
og unna seg gode dagar 
midt i alt sitt strev.  Men eg fekk sjå at det òg  kjem frå Guds hand. 
For kven kan utan Han eta og vera glad?
(Fork. 2, 24)


Her er oppskrifta som inspirerte til denne bloggen:

1 brokkoli
1 blomkål
1 grilla kylling
2 avokado

1 raudlauk
ca. 700 g pasta
1 boks rømme
1 pakke tzaziki-dipp

Kutt grønsakene og kyllingen opp i betar. Ha dei i ein bolle saman med ferdig kokt pasta. Bland tzatziki-dippen saman med rømmen og tilsett den i salaten. Dette er nok til at 5 jenter kan eta seg frå sans og samling. Så enkelt er det!


Dette er liksom "grunn"-oppskrifta. Du kan sjølvsagt tilsette det du sjølv likar! På fredag hadde me óg i mais, bacon og sukkererter. Og no kom eg nett på at det heilt sikkert er godt med soltørka tomatar i :D Kvitlauksbrød er eit sløvsagt tilbehør til salat.

Enjoy!

2 kommentarer:

  1. yay- bloggen e i gang :)

    Såg ud som ein god salat!

    To kommentarer;
    1) håbe kje at det forventes at eg skrive nynorsk, for det komme ikkje te å skje!
    2) "sløv likar" ? :P

    SvarSlett
  2. 1) det e opp t deg sjøl koss du vil skriva. Eg skrive nynorsk:)
    2) eg forstår'kje kæ du snakke om :P

    SvarSlett